Fredrik André Bjørkan () er ein norsk fotballspelar frå Bodø. Han er venstreback i Bodø/Glimt sitt sigerrike mannskap. Bjørkan har sidan 2021 vore med i 19 av Noregs landskampar.
Karriere Klubbspel Bjørkan fekk i 2016 sin debut med Bodø/Glimt, eit lag som i 2017 spelte på nivå 2. Etter opprykk til eliteserien fekk han i 2019 fast plass i Bodø/Glimt si startoppstilling, og var med på å vinne sølv i serien 2019 og verte seriemeister i 2020 og 2021. I januar 2022 vart han overført til tyske Hertha Berlin. I Hertha fekk han lite speletid, så frå september 2022 var han knytt til nederlandske Feyenoord. Hert sat han på reservebenken til han i januar 2023 vende tilbake til Bodø/Glimt. Med moderklubben vart han seriemeister i 2023 og 2024.
Landslagsspel 6. juni 2021 var Bjørkan innbytar då Noreg tapte mot Hellas i spanske Malaga. Sidan har han vore inn og mest ut av startellevaren til det norske landslaget. I kvalifiseringa til Fotball-VM 2026 var han innbytar i to av kampane. Han skåra sitt einaste landslagsmål den 7. september 2023 då Jordan måtte tåle 0–6 på Ullevål stadion.
Merittar Seriemeister: 2020, 2021, 2023 og 2024 med Bodø/Glimt
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Fredrik André Bjørkan» frå , den 26. april 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Bodø/Glimt-spelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026