mini|Tibetanarar i 2007. mini|Det tibetanske kulturområdet i Kina, India, Nepal og Bhutan. Tibetanarar er eit folkeslag som har det gamle Tibet som heimstamn. I dag finst det knapt seks millionar tibetanarar i verda. Dei fleste bur i Folkerepublikken Kina. Fleirtalet av tibetanarar tilhøyrer tibetansk buddhisme. Dei snakkar tibetiske språk og kinesisk.

Ein trur at dei fleste talarane av tibetoburmanske språk i Sørvest-Kina, inkludert tibetanarar, nedstammar direkte frå det historiske folkeslaget qiang.Origins and Migrations in the Extended Eastern Himalayas. BRILL, 2012, s. 309. Den tradisjonelle eller mytologiske forklaringa på opphavet til folket er at dei stammar frå mennesket eller apen Pha Trelgen Changchup Sempa og steintrollet Ma Drag Sinmo.

Demografi Ifølgje folketeljinga av 2000 i Kina var det 5 416 021 tibetanarar i landet. Dei aller fleste av tibetanarane i Kina bur i Den autonome regionen Tibet (44,81 %) og i dei tilgrensande provinsane Sichuan (23,43 %), Qinghai (20,06 %), Gansu (8,18 %) og Yunnan (2,37 %).

I den autonome regionen Tibet var i 2000 92,77 % av folkesetnaden tibetanarar (men innvandring frå hankinesiske område gjer at delen er synkande). I Qinghai utgjorde dei 22,53 %, i Gansu 1,76 % og i Sichuan 1,54 %. Mange tibetanarar lever nomadisk i Tibet og i Himalaya.

mini|portrett|Den 14. Dalai Lamaen, den andelege leiaren for tibetansk buddhisme, bur i eksil i India.

Rundt 130 000 tibetanarar lever i eksil, for det meste i Nepal, India og Bhutan.

I India bur det nær 100 000 tibetanarar, som fyrst kom til landet i 1959. Dei fleste av dei bur i tibetanske enklavar som Dharamshala og Bylakuppe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tibetanere» frå , og «Tibetans» frå den 3. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folkegrupper i Kina Kategori:Tibet